tirsdag 13. mars 2012

Fem bilde - heilt på tampen

For ei stund attende var eg, Eirik, Solveig og Ingrid på safari i Queen Elisabeth National Park. Vi hadde ein skrullete sjåfør som køyrte utanfor lovleg område for at vi skulle få sjå løvene, også tok han seg til gjengjeld betalt for det. Vel, det var verdt det! Vi såg ekstremt mange dyr, mange fleir enn dei eg har putta her. I tillegg budde vi på billig hostell med milliardar av insekt, og brukte dagen på luksushotellet ved sidan av. Basseng, solsenger, herleg mat, fantastisk burger, og ei mugna sjokoladekake - vel, det var prikken over ien.


Litt seinare følgte eg han her til flyplassen, og sa eg elskar deg.

I førre veke møtte eg mange slike søte krabatar på Red Chili, eit backpackerhostell i Kampala. Det var jo festleg!

I løpet av desse dagane reiste eg, Ingrid og Solveig til Jinja, ca to timar i ein skral matatu frå Kampala. Der gjorde vi dette, og det var dødsartig! Litt synd med ho livredde, gamle nederlandske dama som absolutt skulle vere med i vår båt, men.

Dette er aller siste kveld i Uganda. Det er ein merkeleg og trist tanke. Men så ventar den idylliske øya Lamu, Kenya i morgon. Satsar på at det blir ei bra avslutning. Noreg: vi snakkast snart!

tirsdag 28. februar 2012

Løve!

Klar over at ein viss Sletta kom meg i forvegen altså, men...

mandag 27. februar 2012

There's a new mzungo in the house!

Tulla, det er to nye bleikfisar i huset! Torsdag 16. februar rusha vi til Kampala og etterkvart Entebbe for å hente Eirik og Christel. Kjærasten min og kjærasten til Anders. Det var stas! Kampala bau og på litt anna mat enn det vi får i Kasese, litt nye klede og elles ein visitt i slummen. Hard start for dei tilreisande, altså. Eirik viste bilder av vinteren på Lesja, noko som gjorde store auge på karane i slummen som hadde munnen full av "herbs". Narkotisk plante av eitt eller anna slag som dei tygg på. Hos Street Voice vart vi møtt med sang og musikk og smil, som alltid. I tillegg fekk vi feira Brenda litt, ho fyllte nemleg 20 år 14. februar. Gaver overrekt og Happy birthday for full hals!Elles har vi etter sterkt press frå amerikanske Cormac vore ute og farta på eiga hand. Eg, Eirik, Ingrid og Solveig sette oss håpefulle i ein såkalt matatu førre tysdag. Ein matatu er ein minibuss med mange og små seter, men antal seter er ikkje viktig i Uganda. Bilen er overlasta med folk, babyar, bananar, høner, ananas og det som er. Alt utan setebelte eller nakkepute sjølvsagt. I tillegg har dei gjerne ein del kanner og anna bagasje på taket og ein sykkel tjora fast i front. Og dei køyrer FORT. Men det gjekk overraskande bra, sett bort frå ei sjuk dame som spydde og hadde feber. Fleire av oss trudde ho døydde i løpet av den tre timer lange turen på matatuen, men ho var i live da mannen hennar bar ho ut.
Etter tre timar var vi i byen Mbarara og vart raskt headhunta av ein kar med solbriller. Han jobba for postbussen, og skaffa tilfeldige passasjerar, slik som oss. Postbussen er den sikraste kollektive måten å reise på i dette landet. Derfor heiv vi i oss indisk naan-brød og endte etterkvart på postbussen på veg til Kabale. Der vart vi plukka opp av ein tilfeldig taximann som tok oss til Rutinda, fastlandet ved Lake Bunyonyi. Heldigvis valde vi å bruke 20 000 ugx på motorbåttransport over til øya som var det store reisemålet. Alternativet var gratis kano, men det hadde nok teke meg iallfall tre timar, og eg hadde mest sannsynleg gått i land på feil øy, sidan det er 29 av dei der.
Nabooya

I denne domen sov eg og Eirik, ganske saa romantisk med utsikt over innsjoen og ein vanvittig stjernehimmel!

Vel framme på øya Itambira og Byoona Amagora, hotellet, fekk vi oss herleg mat og masse søvn. Tre avslappande dagar med eit yrande fugleliv og ymse turistar (LES: canadier på 44 år med gassproblemar i magen. Stakkars Ingrid og Solveig som delte sovesal med han). Ingrid og Solveig våga seg til og med til å bade i innsjøen, visstnok den einaste sikre badeplassen i Uganda, dvs utan parasittar og krokodiller. Dei vart til gjengjeld solbrente, og jamra over smerte både titt og ofte etter det.
Det var alt internettet i Uganda tillet i dag. I morgon reiser vi til Queen Elisabeth natinal park på safari. Det blir stas! Elles alt bra!

tirsdag 14. februar 2012

"Jeg hater Uganda!!"

Ok, så nå har vi vore utan straum i over 30 timar. Og det var ikkje noko unormalt med det i går, men da vi la oss i gårkveld, og det sakte men sikkert gjekk opp for oss at det faktisk var lys her og der i nabolaget – da begynte det å snurre i skallen. Det gjekk opp oss at vi ikkje har sett noko straumrekning etter vår ankomst i Kasese. Og så seier Solveig: “Hva med han mannen vi møtte i porten i dag tidlig da?” Ja, han hadde hjelm og arbeidsklede og ein blokk. Og han lurte på om det var nokon heime, og vi svarte ja. Men dei som var heime var jo dei i bakgarden, og la oss berre seie det slik: det er ikkje så mykje som sirkulerar i toppen på dei fleste der. Skjønnar ikkje engelsk heller. Berre svarar “yees!” til alt, for å vere sikker liksom. Vår mann Muhindo, aka vaktmeisteren, bur og der, men han er i den såkalte “villagen” for å passe på mor si på 45 eller 54, for ho er sjuk. Akk, dette landet. Som Anders ropte i går etter å ha kjøpt den andre pumpa som streika: “Jeg hater Uganda!!” Mannen i porten hadde altså teke straumen vår utan å vise oss noko rekning og utan å gje oss noko forvarsel. Dette ordnar seg nå, men spørsmålet er kor mange dagar dei brukar på å få straumen attende. Eg har foreslått at vi burde bestikke dei. Nokre fordelar av denne stygge korrupsjonen må ein vel kunne dra?

Av og til får du berre nok. Nok av straumbrot og brot på løfter og av å vente. Vente i to timar på mat, også får du ikkje det du bestilte. Av og til blir du lei av å forklare dei same tinga om att og om att og om att. Men det går over, omsider får dei Nutella på butikken – og ja, det ordnar seg som oftast.

I førre veke fekk vi sett i gang søppelpolitiet på skulen. Det funkar slik at to og to frå kvar klasse har ansvar for at det skal vere reint i skulegarden. Tilsaman er det altså 20 elevar som er politi på barneskulen, og 8 (eller 12?) på ungdomsskulen/videregåande. Dei minste fekk band til å ha på skrå over skuldra, i dei ugandiske fargane. Dei blir bore med stoltheit, for å seie det slik. Elles så har vi og fått på plass søppeldunkar i alle (!) klasserom! Det er det jammen dei færraste ugandiske skular som kan skilte med! Og apropos skilting, så har skulen fått nye skilt, under fellesnamnet Rwenzori Elverum Educational Centre.

Skuleelevar, søppelpoliti i midten.

Nytt skilt!

Elles prøvar vi å koble inn amerikanske Cormac i timeplanen på skulen. Han er her gjennom det amerikanske fredskorpset og jobbar på ein helseklinikk her i Kasese. I tillegg reiser han rundt på skular og lærer dei om HIV, AIDS, malaria, seksuell helse, graviditet, hygiene osv. Han let elevane stille spørsmål anonymt og legg elles opp til at dei skal lære mest mogleg. Vi håpar at skulen kan gjere rom for han i timeplanen, det trøngst jo så veldig!

Laurdag var mzungogjengen ute på livet, som vanleg i helgene. Det starta med indisk på Spring, heldt fram med øl og ugandisk gin på White House og endte med Zizzlers pub til klokka fire eller noko. Belgiske Pierre hadde si siste helg i Uganda, så det var litt avskjedsfest og litt berre fest. Artig var det iallfall, og ikkje minst: eg skada ikkje foten min! Eg er altså den einaste med uskada føter enn så lenge.

Klare for indisk mat og fest!

Torsdag reiser alle vi fire fastbuande i kåken + australske Angela + ein sjåfør til Kampala. Vi skal nemleg hente Eirik og Christel, kjærasten min og kjærasten til Anders. Det blir stas! Angela skal handle symaskiner i hovudstaden, og i tillegg må vi skaffe meir brød. På vegen ventar rykande ferske chapatis, nam nam! Det er eit mål å kunne lage ordentlege chapatis når eg kjem heim til Noreg. Miksar du denne herlege chapatien med ein spansk omelett, så få du Rolex! Det har etterkvart blitt standard lønsj, middag, kva som helst mat her. Nams!

I dag har amerikanske Jason bursdag, så da ventar bursdagsmiddag og nokre øl i kveld. Øl er generelt altfor billig og godt i dette landet. Betre enn norsk øl, kostar ca 7,50 på restaurant. Fare for ølmage altså!

Og til alle som har lurt på det med presidenten: ja, vi møtte han. Det var markering av at Uganda har hatt 31 years of struggle, så da besøkte Museveni byen. Der var det milevis med taler om kor fint og flott det er å ha han som president, dei takka Gud for at landet er fritt for korrupsjon og heile pakka. Vel, god underhaldning var det jo. Museveni sjølv har ei inntekt på ca 80 millionar norske kronar kvart år. Ein servitør tener 125-150 kroner i månaden. Ein godt betalt lærar tener mindre enn 500 norske i månaden. Berre nemner det. På presidentbesøket fekk vi verkeleg oppleva korleis dei ser på oss kvite, rike, overståande folk. Det fyrste som skjedde var at ein militærmann tok hand om syklane våre og la dei i ein stor militærlastebil. Dei var ikkje trygge blant dei andre ugandiske syklane, meinte han. Elles fekk vi sitte på vip-plassar, altså stolar. Lokalbefolkninga måtte sitte på graset. Vi gjekk og rett forbi køen til sikkerheitssjekken. Slik er det dessverre å vere kvit her. Dei trur vi eig ein bank kvar og behandlar oss som superkjendisar.

søndag 5. februar 2012

Den store søppeldagen og andre festlege lag!

Søndag=bloggdag! Fyrste veka på skulen er over. Det betyr at elevane og lærarane sakte men sikkert har kome rekande på fjøler og bodaer og det som er, heile veka. Fyrste skuledag etter ein av dei mange og lange feriane dei har her, er rimeleg relativ. Trass i dette var det eit bra antal skuleelevar som frivillig plukka søppel torsdag.

Torsdag var nemleg den store søppeldagen på Rwenzori Elverum Image Primary School! Vi prøver oss på ei såkalt søppelkampanje på skulen, noko så enkelt som å få dei til å kaste søppel i søppeldunkar i staden for på bakken. Skulen har invistert i heile tre (3) søppeldunkar, så dette burde jo ikkje vere eit problem. Men jo, i aller høgaste grad. Dei kan ikkje å kaste søppel her, dessverre. Dei påstår sjølve at det ikkje ligg i kulturen, men at det er særleg pent med alle plastikkposane som stikk opp av jorda overalt, det er ikkje eg einig i. Altså, søppeldagen ja. Elevane plukka søppel, skuleplassen vart rein og fin. Bra start, tenkte vi. Ein halvtime seinare: masse søppel på bakken igjen. Enda vi har forklart kvifor det er viktig å halde skulegarden fri for søppel minst 15 gongar.


Tre sjarmtroll av den yngre sorten!

Torsdag som kjem lanserar vi ei søppelpoliti-ordning på skulen. Det er lærarane sjølv som har kome med dei spesifikke ideane, etter at vi forklarte konseptet “ordensmann”. Det vil dessverre seie, det er dei mannlege lærarane som har bidrege, dei kvinnlege himlar med augene og fnisar bort alt vi seier. Og svarar absolutt ikkje på spørsmål frå oss. Dei er håplaust tafatte dessverre, men det er det vel mange grunnar til...

Andre ting som har skjedd: eg har fått sydd to skjørt og to vesker på bestilling. Det funkar slik at vi plukkar ut stoff på markedet sjølve, også går vi til herlege, australske Angela med det. Ho er 45 år og driv ein syskule her i Kasese. Ho lærer fire damer å sy klede, vesker, lommebøker og liknande. Ho er dessutan ei svært livleg dame som sjeldan seier nei til ein øl eller ti. Eller var det sterkare vare, tru? Ho har saman med veninna Shelly (og australsk) blitt ein del av vår vesle, faste omgangskrets her i Kasese.

Australske Angela

Norske og ugandiske jenter og syjenter. Med ganske forskjellige liv...

Angela + Shelly + tilfeldige svenskar + tilfeldige trønderar som bygger kraftverk og syklar birken var med på utagerande festlegheiter heilt ut til dei små morgontimar i dag tidleg. Heilt til Solveig tok limbo under eit sperreband i vegen, og endte med å tryne stygt i jernbaneskinnene som går tvers over vegen, og som vegarbeidarane har grove fram. Etter ein svipptur på motorsykkel til den såkalte “klinikken”, fekk vi i midlertid avdekt at det ikkje var noko brot. Heldigvis! Så nå er altså situasjonen den at 3/4 fastbuande i kåken har vore på klinikken og teke røntgen av ca same del på kroppen; ankelen, rista osv. Folket har med sin logiske tankegang uttala at eg er nestemann ut til å ta røntgen, sidan eg er den einaste att. Men eg har ingen planar om at dette ynskjet skal gå i oppfyllelse, altså.

I morgon er det meininga at vi skal møte ugandas president, Museveni. Merkeleg nok! På mamma sin bursdag, hurra! :)

søndag 29. januar 2012

Vi har vore i slummen!

Hei og hå! Da har eg plassert meg på Virina Garden igjen, hotellet der vi kjøper Internetttid. Eg har fortært ein is (endeleg!) og er godt nede i den kalde Mountain Dewen. Isen kosta meg tre kroner.

Den siste veka har vore innhaldsrik. Det starta med førre helg, som utvikla seg til ein todagersfest. Den fyrste dagen var heilt uplanlagt, Anders var på tur til Kongogrensa for å skaffe seg eit nytt turistvisum (det varar i 90 dagar), men utan hell. Dei litt småglupe kongolesarane ved grensa skjønte teikninga, og fekk snusen i at han driv med frivillig arbeid her. Og da må ein eigentleg ha lov til å arbeide. Han fekk beskjed om å besøke Immigration Office i hovudstaden Kampala, og det fort som f. Derfor reiste heile gjengen til Kampala på søndag. Men før den tid var det både ein og to turar på puben, og dessutan vårt fyrste kvitingparty. Vel, det var fantastisk artig! (Med unntak av at eg tryna på sykkel den eine natta, men såret på kneet er snart grodd. Kjekt å få utnytta det levande apoteket eg reiser med (Les: Solveig Svendsen, http://africantime.blogg.no/, der kan du og sjå bilde av at vi mekkar pannekakerøre i bakgarden!)

I Kampala la vi oss inn på hotell, og vart der fire netter. Hovudsakleg fordi alt statleg i dette landet er 110% korrupt, og derfor elskar dei og demonstrere makt og ha det gøy. Dette i form av “kom tilbake i morgon med kopi av returbillett til Noreg” og dagen etter der igjen: “kom tilbake om to dagar med kopi av passet ditt” – og da hadde dei allereie fått sjølve passet. Sidan det drog ut med Immigration Office rakk vi både og bruke masse pengar på mat, klede og dessutan var vi ein heil dag i Kisenyislummen.

Ein liten brøkdel av slummen. Alle bilde teke med eit dårleg kompaktkamera til 600 kroner, fysj.

Anders kjenner mr. Overdose (fordi han har “overdoser” av engasjement og pågangsmot, ikkje fordi han tek overdoser nei), ein real kar på snart 30 år. Han har vore både foreldrelaust gatebarn og badboy, men er nå leiar for den vesle organisasjonen Street Voice. Street Voice ynskjer å gje slumfolket ei stemme, dei ynskjer å få barn til å ynskje seg noko meir enn slumlivet. Dei har ein timeplan med aktivitetar som musikk, sang, kunst, trening osv. Dei samlar gatebarn og andre interesserte, og snakkar med dei. Dei får dei til å vere kreative og bruke hovudet, i staden for at dei kjedar seg og drikk seg fulle og tek stoff. Overdose sjølv driv med hiphop og er svært interessert i å lære nye ting. Han jobbar og som journalist for nettsida africanslumjournal.com, og tener nokre kroner på antal besøkande der.

Mr. Overdose på restaurant med oss siste kvelden. Vi spanderte som takk for lønsjen.

Ingrid og Solveig i Street Voice-hovudkvarteret! Brenda med rosa lue og eit medlem av Street Voice spelar gitar.

I tillegg møtte vi boksaren Brenda, ei jente på 19 år. Ho bur på kanskje seks kvadratmeter, der halvparten er ei madrass. Ho boksar for å overleve livet i slummen, for å kunne forsvare seg dersom ho må, og for å ha noko å drive med. Ho er arbeidsledig, som dei aller fleste andre i slummen, men er sprudlande glad og elskar musikk og dans. Ho har bursdag 14. februar (på valentinsdagen, som ho likte å påpeike), så da er vi inviterte på selskap!

Det som er oppsiktsvekkande i slummen er blant anna måten folk er på. Familiar bur på nokre få kvadratmeter, og dei fleste har ikkje straum. Likevel var det ingen som spurte oss etter pengar, det var ingen som prøvde seg på veskenapping e.l., tvert i mot fekk vi sertvert monsterstore porsjonar med lønsj. Kylling, matoke, portio, ris, graskar, søtpoteter og ein svampaktig rotgrønsak. Denne maten er uvant kost for oss, så sjølv om vi nå etterkvart synest det er godt, så legg det seg som sement i magen. Er lik forstopping av fordøyinga. Men det har ordna seg altså, slapp av mamma.

Torsdag plukka vi opp 20 grovbrød (nederlandsk bakeri finst i Kampala, hurra!!), nesten ein kilo med Nutella og fem liter raudvin. Pluss sjokolade, saft, yoghurt, ordentleg dasspapir og andre kjekke ting som er sjeldan kost her i bushen. Privatsjåføren vår hadde sine fulle hyre med å få pakka bilen.

Det er godt å vere attende i Kasese. Kampala er eit einaste mylder av folk, bilar og bodaer (motorsykkeltaxiar som vi tok overalt). Kasese er heime nå, det er rart kor fort du kjenner på det å høyre til på ein ny plass. I morgon startar skulane. Fredag var vi i eit møte med rektor Katya, og vi fann ut at det vi skal konsentrere oss om på skulen er:

- - Lære dei å bruke søppeldunkane dei har fått. Dvs, innføre eit system som sørgjer for at det er reint på skulen. (ordet system er sjeldan brukt i Uganda og søppel flyt overalt, det er utenkjeleg at det skal samlast på ein stad)

- - Lære dei å bruke og halde reine toaletta som er i ferd med å bli ferdigbygde på skulen.

- - Lære dei om personelg hygiene og kvifor det er viktig.

Alt dette heng i hop att, men at det er sårt nødvendig – ja, det er det ikkje tvil om. Det blir spennande å sjå resultatet når vi er ferdig, det er trass alt ikkje så mange vekene att. Og ikkje minst, klarar dei å halde fram med systema på eiga hand? Time will show, vi er klare for start.

(Eg turte ikkje å ta med ordentlege kamera i slummen, noko eg angrar på. Derfor er det drittbilde i denne posten. På neste slumvisitt får kamera bli med!)

Kjære alle saman i Noreg: eg har det superbra! Og ikkje minst, Eirik fann brått ut at han skulle ha brukt opp litt ferie, så da er flybillettar til Uganda booka! Han kjem på besøk i midten av februar, hurra! :)

MsoNormal

fredag 20. januar 2012

Møt dama på hjørnet!

I dag skal de få møte dama på hjørnet, eller "lady of the corner" som vi seier til ugandarane. Dama på hjørnet driv ein liten butikk, og tek inn akkurat så mykje varer ho har råd til frå ein dag til den andre. Ho sel brus, vatn, øl, dopapir, sigarettar og litt grønnsaker. Også litt andre greier som seigt popcorn og kjeks i svært begrensa utval. Ho er nesten naboen vår, så vi kjøper det vi treng der - så langt det let seg gjere.

Dette er altså dama. I butikken. Ho er alltid blid når vi kjem, vi nordmenn handlar jo drikkevarer og dasspapir for harde livet - noko anna enn ugandarane som ikkje handlar rare greiene om gongen. Har dei råd til to tomatar, så kjøper dei det. Har dei råd til eit halvt kilo sukker, ja så kjøper dei det. Brus og øl er ikkje kvardagskost for folk flest, og dopapir? Vel, eg trur dessverre det er dei færraste av dei som bruker mykje av det.

Dama bur saman med sonen Andrew og mannen, som eg aldri har veksla eit ord med, men eg trur han er mann og barnefar. Det burde jo vere logisk. Vi har snakka om at ho burde få eit bilde av oss til å ha på veggen, slik at ho for alltid kan hugse muzungusane som var med på å finansiere det framtidige supermarkedet hennar. For vi reknar nemleg med at det kan vere resultatet dersom vi kjem att om fem-ti år. Kanskje ho til og med har bæreposar da? Det har ho ikkje nå, men Anders kjøpte eit plastikknett til ho i julegave. Det låner ho ut til oss når vi kjem og fyller opp disken med vassflesker, tomatar og dassrullar.

Dette er berre eitt av uendeleg mange eksempel på slike butikkar. Dei er overalt, til og med der du minst ventar det. Alle sel dei same tinga, nokon med litt større utval enn andre. Ikkje forstår eg korleis dei klarar seg på den inntekta der, men så har dei heller ikkje dei heilt store utgiftene på lønn, arbeidsgivaravgift og feriepengar. Eg trur ikkje det eksisterar her.

Her bur naboane våre, litt kontrast til slik vi bur. Vi passerar dei på sykkel, bakpå motorsyklar eller til fots fleire gongar om dagen. Det bur ei dame her som ser ut som ho er steingamal, pluss ein haug med andre folk. Ungar, vaksne og dyr.

For dei som har etterlyst bilde av meg: africantime.blogg.no - det er Solveig sin blogg.


tirsdag 17. januar 2012

Sjuk, frisk, innflyttingsfest og 3 mil paa sykkel!

Hei folk! Naa er det vel for lengst paa tide med ein update. Det har seg slik at Internettet her er ein stubb unda huset, og det har ca same fart som ei snegle. I tillegg ligg det meste teknologiske her ein del aar etter det vi er vant til. Festleg naar du sjoelv kan ein del meir enn ho som styrer med Internettet, men du likevel maa venta paa at ho skal skjoenne. Eg kan og nemne at Dolly Parton er populaer her, og at Beatles har dei aldri hoeyrt om. Medan Slyvia i bakgarden diggar Westlife. Nokre aar etter altsaa.

Sidan sist har eg bekjempa den nye bakteriekulturen her, dvs mageknip, diare og litt feber innimellom ein porsjon oppkast. Naa er eg heldigvis frisk att, og det er ganske mykje artigare enn aa ikkje orke noko som helst. Sidan sist har eg og nesten svima av midt i byen, det var jo ei oppleving. Saa naa om dagen er eg flink til aa drikke.


Og apropos drikke, sidan sist har vi hatt 130 0.5 liters oelflasker i hus, fleire liter sprit og dessutan eit par kasser brus. Omtrent alt dette gjekk med paa vaar heidundrande innflyttingsfest i hagen! Anders hadde invitert folk han har blitt kjent med her, pluss alle dei i bakgarden. Eit knippe belgiarar, to damer fraa Australia og ein kvit soer-afrikanar, pluss hummer og kannari av ugandarar var paa plass. Det var partytelt, egen kokk og mat til 25 gjestar. Antalet gjestar auka utover kvelden, og det var etterkvart folk der som ingen visste kvar kom fraa. Musikken paa verandaen var ikkje saa lett aa skjule, og portvakt var det ingen som hadde tenkt paa. Trass dei ubudne gjestane, gjekk det i grunn veldig bra. Eit par flesker sprit vart stole (og ei vart stole attende til oss), men det var det einaste og. Det endte derfor med at vi kasta ut alle og hadde nachspiel med dei fastbuande (altsaa oss) + nokre til til klokka 04.00. Da var det vel ca 12 timar sidan foerste oel vart spretta. Ein vellukka fest og mange latterkramper dagen derpaa! (Men neste gong blir det vaepna vakt.)
Solveig klar for party!

I gaar sykla vi til saman 3 mil paa sykkel. Gjennom delar av ein nasjonalpark og til ein safari lodge, der vi slappa av nokre timar, tok ein dukkert i bassenget og aat mat foer vi sykla heim att. Paa vegen saag vi og antiloper! Det var stas, skikkeleg kjensle av Afrika, kan ein seie. Etter eit par timar paa sykkelsetet i gaar, har eg naa meddelt dei andre at eg gaar til innkjoep av bleier dersom det er snakk om saerleg mykje sykling dei neste dagane. Det er ikkje saerleg behageleg aa sykle i dag, nei.

Elles har Anders vore i Kampala nokre dagar, Geir og Svein har reist heim til Norge og vi jentene har sett ein god del Grays. I tillegg har vi hoeyrt heile livshistoria til Muhindo, han fekk sitt fyrste skopar da han var 12, og vart forlatt av mora da han var 2 aar. Eg har og hatt eit lengre foredrag omtrent, for onkelen til Muhindo. Han driv ein gard her i Kasese og var svaert nysgjerrig paa alt, korleis vi faar norske kyr til aa mjoelke saa mykje (hans mjoelka ca 1 liter om dagen), og korleis vi kan ha straum i fjoeset. Det var heller ikkje lett aa forklare dei kva ein traktor er, og at vi ville bu i Noreg mes saa mykje snoe, det kunne dei ikkje skjoenne.

Ingrid ler! Vi ler ein heil del paa ugandarane si bekostning her, det er ganske saa artig! :D

fredag 6. januar 2012

Vi er i Kasese!

Da var det (endeleg!) tid for litt data igjen. Sjoelv om det er herleg aa ikkje ha tilgang paa facebook og alt anna tull 24\7, er det artig aa sjaa responsen paa bloggen! Og dessutan faa oppdatert litt meir, avbestilt boeker, sjekka nettbank osv...

Vi ankom Kasese by 3.januar, men da var det saapass seint paa dagen at det snart var moerkt. Det blir heilt svart rundt klokka halv 8 her, og da skal visst vi kvite passe oss for aa ferdast ute, iallfall paa eiga hand. Derfor tok vi inn paa Virina Garders, eit kosleg hotell. Vi mangla jo baade ei seng, madrass, myggnetting og ymse anna, og dette var det best og ordne dagen etterpaa. Som sagt saa gjort, vi kosa oss paa Virina saman med Geir, Anders og Svein. 4. januar (til lykke med dagen Hans, kvifor svarar du ikkje paa meldingane mine?) ordna Mohindo det aller meste for oss. Og da kjem eg til det eg eigentleg tenkte aa skrive om; nemleg korleis vi bur.I dette huset bur vi 4 stk. Og i bakgarden bur ein familie som er intenst arbeidsame og hjelpsamme som berre det. Mohindo er faren, og vaar heilt eigne vaktmeister. Han sprang rundt i byen og fekk prisar paa alt vi trong, for om vi sjoelve skulle gjort det hadde vi faatt saakalte kvite prisar - muzungo tax. Prisar mangedobla, berre fordi vi er kvite og lette aa lure. For sjoelv om prisane er mangedobla er dei framleis ein broekdel av det vi betaler i Noreg. Medan Mohindo gjorde dette for oss, og til og med installerte senga og la paa sengeklede, sat vi nordbaggarna og drakk kald brus i skuggen. Ein foeler seg mest som ein kjendis her nede, faar ikkje lov til aa gjere nokon ting sjoelv, og skal helst baerast paa gullstol dagen lang.


Her er Mohindo til venstre og ein eller anna slektning til hoegre. Lurer paa om det er ein onkelunge. Dei renskar ris som dei har hausta, store mengder ris!
Dette er yngste dottera i familien, Clea. Ho er ca 3 maanader og er svaert saa sjarmerande. Allereie igang med ein mobiltelefon, som de ser! Naar det gjeld kona i huset, saa var ho for sjenert til aa faa fanga med kamera i dag, men det ordnar seg sikkert. Ho er iallfall ei grepa dame som stadig ikkje spoer om ho kan faa lov til aa vaske golvet og klea vaare. I tillegg har Mohindo og kona ein son, Colin, paa 3 aar. Han er ogsaa soet, men ein liten rakkar i foelge mr. Anders Bronken aka the boss.
Her er sjefen, Anders, i full gang med dagens frukost. Corn flakes! I tillegg til innvendige saker har vi og ordna ugandiske simkort (kosta 7 kroner), syklar (kosta 500 for ein) og ei vifte. I gaar var vi paa besoek hjaa Katya, rektor paa skulen der vi etterkvart skal ta til aa gjere noko (ungane her har ferie til slutten av januar!). Der aat vi lunch, heime hjaa ein ekte ugandisk familie, altsaa. Ordentleg god mat, stelt til i eit eige kokhus, der dei fyra med kol. Dei hadde pynta og stelt, og vi fekk moete kona hans og 6 ungar, broer og svigerinner - alle under eitt tak.


Dersom du naa har gidda og lest alt dette er eg imponert. Vi har det bra, alle saman! Ingen er blitt sjuke enda, maten er god, og alt staar bra til. Litt slitsomt med 30 grader ++ og intens sol heile dagen, men ein blir vel meir van med det etter kvart.

mandag 2. januar 2012

Vel framme i Uganda - på hotell!

Etter 3 flyturar, den eine lengre enn den andre, var vi endeleg framme på flyplassen i Entebbe. Der vart vi møtt av blide karar, Anders, Øyvind (fastbuande i Uganda) og ein sjåfør. Sjåføren ville allereie da at eg skulle bli att i Uganda, hos han. Eg lo og forklarte han at kjærasten min er heime i Noreg, noko han slo seg tilfreds med. Så bar det i veg til Central Inn, eit hotell i Entebbe, 6 mil frå hovudstaden Kampala. Anders og Geir (lærar) hadde funne ut at vi skulle ta fyrste natta på hotell, slik at vi kunne sove ut etter reisa og vere litt turistar. Derfor har vi bada i Lake Victoria og drukke øl i varmen. Har òg ete ein mager kylling og pomfrit, snakka om smørkrisa i Noreg og Museveni, presidenten i landet som har hatt makta sidan 1986. Dessutan har vi studert Freia-fuglen; den som er på alle mjølkesjokoladeplater, den finst nemleg i levande live på stranda; dog mindre pen.

Foto: Solveig G. Svendsen


Alle tre jentene er trøtte etter ein ekstremt lang, det skal bli godt å legge seg på ordentleg. Ute er det kolsvart, sjølv om lokal tid berre er 19.54. I morgon ventar ein ny dag med reising. Da set vi snuten mot Kasese, plassen vi skal bu i 11 veker. Det blir spennande!