Av og til får du berre nok. Nok av straumbrot og brot på løfter og av å vente. Vente i to timar på mat, også får du ikkje det du bestilte. Av og til blir du lei av å forklare dei same tinga om att og om att og om att. Men det går over, omsider får dei Nutella på butikken – og ja, det ordnar seg som oftast.
I førre veke fekk vi sett i gang søppelpolitiet på skulen. Det funkar slik at to og to frå kvar klasse har ansvar for at det skal vere reint i skulegarden. Tilsaman er det altså 20 elevar som er politi på barneskulen, og 8 (eller 12?) på ungdomsskulen/videregåande. Dei minste fekk band til å ha på skrå over skuldra, i dei ugandiske fargane. Dei blir bore med stoltheit, for å seie det slik. Elles så har vi og fått på plass søppeldunkar i alle (!) klasserom! Det er det jammen dei færraste ugandiske skular som kan skilte med! Og apropos skilting, så har skulen fått nye skilt, under fellesnamnet Rwenzori Elverum Educational Centre.
Skuleelevar, søppelpoliti i midten.
Nytt skilt!
Elles prøvar vi å koble inn amerikanske Cormac i timeplanen på skulen. Han er her gjennom det amerikanske fredskorpset og jobbar på ein helseklinikk her i Kasese. I tillegg reiser han rundt på skular og lærer dei om HIV, AIDS, malaria, seksuell helse, graviditet, hygiene osv. Han let elevane stille spørsmål anonymt og legg elles opp til at dei skal lære mest mogleg. Vi håpar at skulen kan gjere rom for han i timeplanen, det trøngst jo så veldig!
Laurdag var mzungogjengen ute på livet, som vanleg i helgene. Det starta med indisk på Spring, heldt fram med øl og ugandisk gin på White House og endte med Zizzlers pub til klokka fire eller noko. Belgiske Pierre hadde si siste helg i Uganda, så det var litt avskjedsfest og litt berre fest. Artig var det iallfall, og ikkje minst: eg skada ikkje foten min! Eg er altså den einaste med uskada føter enn så lenge.

Klare for indisk mat og fest!
Torsdag reiser alle vi fire fastbuande i kåken + australske Angela + ein sjåfør til Kampala. Vi skal nemleg hente Eirik og Christel, kjærasten min og kjærasten til Anders. Det blir stas! Angela skal handle symaskiner i hovudstaden, og i tillegg må vi skaffe meir brød. På vegen ventar rykande ferske chapatis, nam nam! Det er eit mål å kunne lage ordentlege chapatis når eg kjem heim til Noreg. Miksar du denne herlege chapatien med ein spansk omelett, så få du Rolex! Det har etterkvart blitt standard lønsj, middag, kva som helst mat her. Nams!
I dag har amerikanske Jason bursdag, så da ventar bursdagsmiddag og nokre øl i kveld. Øl er generelt altfor billig og godt i dette landet. Betre enn norsk øl, kostar ca 7,50 på restaurant. Fare for ølmage altså!
Og til alle som har lurt på det med presidenten: ja, vi møtte han. Det var markering av at Uganda har hatt 31 years of struggle, så da besøkte Museveni byen. Der var det milevis med taler om kor fint og flott det er å ha han som president, dei takka Gud for at landet er fritt for korrupsjon og heile pakka. Vel, god underhaldning var det jo. Museveni sjølv har ei inntekt på ca 80 millionar norske kronar kvart år. Ein servitør tener 125-150 kroner i månaden. Ein godt betalt lærar tener mindre enn 500 norske i månaden. Berre nemner det. På presidentbesøket fekk vi verkeleg oppleva korleis dei ser på oss kvite, rike, overståande folk. Det fyrste som skjedde var at ein militærmann tok hand om syklane våre og la dei i ein stor militærlastebil. Dei var ikkje trygge blant dei andre ugandiske syklane, meinte han. Elles fekk vi sitte på vip-plassar, altså stolar. Lokalbefolkninga måtte sitte på graset. Vi gjekk og rett forbi køen til sikkerheitssjekken. Slik er det dessverre å vere kvit her. Dei trur vi eig ein bank kvar og behandlar oss som superkjendisar.
Hei Anna! Tenkjer det er stas å ha besøk av Eirik om dagen. Store kontrastar du skildrar frå det ordna og velfungerande samfunnet her. Håpar du klarar deg utan å skade foten eller andre lekamsdelar.... Om ein månad skal du heim att så det burde gå bra!
SvarSlettMari