Den siste veka har vore innhaldsrik. Det starta med førre helg, som utvikla seg til ein todagersfest. Den fyrste dagen var heilt uplanlagt, Anders var på tur til Kongogrensa for å skaffe seg eit nytt turistvisum (det varar i 90 dagar), men utan hell. Dei litt småglupe kongolesarane ved grensa skjønte teikninga, og fekk snusen i at han driv med frivillig arbeid her. Og da må ein eigentleg ha lov til å arbeide. Han fekk beskjed om å besøke Immigration Office i hovudstaden Kampala, og det fort som f. Derfor reiste heile gjengen til Kampala på søndag. Men før den tid var det både ein og to turar på puben, og dessutan vårt fyrste kvitingparty. Vel, det var fantastisk artig! (Med unntak av at eg tryna på sykkel den eine natta, men såret på kneet er snart grodd. Kjekt å få utnytta det levande apoteket eg reiser med (Les: Solveig Svendsen, http://africantime.blogg.no/, der kan du og sjå bilde av at vi mekkar pannekakerøre i bakgarden!)
I Kampala la vi oss inn på hotell, og vart der fire netter. Hovudsakleg fordi alt statleg i dette landet er 110% korrupt, og derfor elskar dei og demonstrere makt og ha det gøy. Dette i form av “kom tilbake i morgon med kopi av returbillett til Noreg” og dagen etter der igjen: “kom tilbake om to dagar med kopi av passet ditt” – og da hadde dei allereie fått sjølve passet. Sidan det drog ut med Immigration Office rakk vi både og bruke masse pengar på mat, klede og dessutan var vi ein heil dag i Kisenyislummen.
Ein liten brøkdel av slummen. Alle bilde teke med eit dårleg kompaktkamera til 600 kroner, fysj.
Anders kjenner mr. Overdose (fordi han har “overdoser” av engasjement og pågangsmot, ikkje fordi han tek overdoser nei), ein real kar på snart 30 år. Han har vore både foreldrelaust gatebarn og badboy, men er nå leiar for den vesle organisasjonen Street Voice. Street Voice ynskjer å gje slumfolket ei stemme, dei ynskjer å få barn til å ynskje seg noko meir enn slumlivet. Dei har ein timeplan med aktivitetar som musikk, sang, kunst, trening osv. Dei samlar gatebarn og andre interesserte, og snakkar med dei. Dei får dei til å vere kreative og bruke hovudet, i staden for at dei kjedar seg og drikk seg fulle og tek stoff. Overdose sjølv driv med hiphop og er svært interessert i å lære nye ting. Han jobbar og som journalist for nettsida africanslumjournal.com, og tener nokre kroner på antal besøkande der.
Mr. Overdose på restaurant med oss siste kvelden. Vi spanderte som takk for lønsjen.
Ingrid og Solveig i Street Voice-hovudkvarteret! Brenda med rosa lue og eit medlem av Street Voice spelar gitar.
I tillegg møtte vi boksaren Brenda, ei jente på 19 år. Ho bur på kanskje seks kvadratmeter, der halvparten er ei madrass. Ho boksar for å overleve livet i slummen, for å kunne forsvare seg dersom ho må, og for å ha noko å drive med. Ho er arbeidsledig, som dei aller fleste andre i slummen, men er sprudlande glad og elskar musikk og dans. Ho har bursdag 14. februar (på valentinsdagen, som ho likte å påpeike), så da er vi inviterte på selskap!
Det som er oppsiktsvekkande i slummen er blant anna måten folk er på. Familiar bur på nokre få kvadratmeter, og dei fleste har ikkje straum. Likevel var det ingen som spurte oss etter pengar, det var ingen som prøvde seg på veskenapping e.l., tvert i mot fekk vi sertvert monsterstore porsjonar med lønsj. Kylling, matoke, portio, ris, graskar, søtpoteter og ein svampaktig rotgrønsak. Denne maten er uvant kost for oss, så sjølv om vi nå etterkvart synest det er godt, så legg det seg som sement i magen. Er lik forstopping av fordøyinga. Men det har ordna seg altså, slapp av mamma.
Torsdag plukka vi opp 20 grovbrød (nederlandsk bakeri finst i Kampala, hurra!!), nesten ein kilo med Nutella og fem liter raudvin. Pluss sjokolade, saft, yoghurt, ordentleg dasspapir og andre kjekke ting som er sjeldan kost her i bushen. Privatsjåføren vår hadde sine fulle hyre med å få pakka bilen.
Det er godt å vere attende i Kasese. Kampala er eit einaste mylder av folk, bilar og bodaer (motorsykkeltaxiar som vi tok overalt). Kasese er heime nå, det er rart kor fort du kjenner på det å høyre til på ein ny plass. I morgon startar skulane. Fredag var vi i eit møte med rektor Katya, og vi fann ut at det vi skal konsentrere oss om på skulen er:
- - Lære dei å bruke søppeldunkane dei har fått. Dvs, innføre eit system som sørgjer for at det er reint på skulen. (ordet system er sjeldan brukt i Uganda og søppel flyt overalt, det er utenkjeleg at det skal samlast på ein stad)
- - Lære dei å bruke og halde reine toaletta som er i ferd med å bli ferdigbygde på skulen.
- - Lære dei om personelg hygiene og kvifor det er viktig.
(Eg turte ikkje å ta med ordentlege kamera i slummen, noko eg angrar på. Derfor er det drittbilde i denne posten. På neste slumvisitt får kamera bli med!)
Kjære alle saman i Noreg: eg har det superbra! Og ikkje minst, Eirik fann brått ut at han skulle ha brukt opp litt ferie, så da er flybillettar til Uganda booka! Han kjem på besøk i midten av februar, hurra! :)
MsoNormal



