Vi ankom Kasese by 3.januar, men da var det saapass seint paa dagen at det snart var moerkt. Det blir heilt svart rundt klokka halv 8 her, og da skal visst vi kvite passe oss for aa ferdast ute, iallfall paa eiga hand. Derfor tok vi inn paa Virina Garders, eit kosleg hotell. Vi mangla jo baade ei seng, madrass, myggnetting og ymse anna, og dette var det best og ordne dagen etterpaa. Som sagt saa gjort, vi kosa oss paa Virina saman med Geir, Anders og Svein. 4. januar (til lykke med dagen Hans, kvifor svarar du ikkje paa meldingane mine?) ordna Mohindo det aller meste for oss. Og da kjem eg til det eg eigentleg tenkte aa skrive om; nemleg korleis vi bur.
I dette huset bur vi 4 stk. Og i bakgarden bur ein familie som er intenst arbeidsame og hjelpsamme som berre det. Mohindo er faren, og vaar heilt eigne vaktmeister. Han sprang rundt i byen og fekk prisar paa alt vi trong, for om vi sjoelve skulle gjort det hadde vi faatt saakalte kvite prisar - muzungo tax. Prisar mangedobla, berre fordi vi er kvite og lette aa lure. For sjoelv om prisane er mangedobla er dei framleis ein broekdel av det vi betaler i Noreg. Medan Mohindo gjorde dette for oss, og til og med installerte senga og la paa sengeklede, sat vi nordbaggarna og drakk kald brus i skuggen. Ein foeler seg mest som ein kjendis her nede, faar ikkje lov til aa gjere nokon ting sjoelv, og skal helst baerast paa gullstol dagen lang.
Her er Mohindo til venstre og ein eller anna slektning til hoegre. Lurer paa om det er ein onkelunge. Dei renskar ris som dei har hausta, store mengder ris!
Dette er yngste dottera i familien, Clea. Ho er ca 3 maanader og er svaert saa sjarmerande. Allereie igang med ein mobiltelefon, som de ser! Naar det gjeld kona i huset, saa var ho for sjenert til aa faa fanga med kamera i dag, men det ordnar seg sikkert. Ho er iallfall ei grepa dame som stadig ikkje spoer om ho kan faa lov til aa vaske golvet og klea vaare. I tillegg har Mohindo og kona ein son, Colin, paa 3 aar. Han er ogsaa soet, men ein liten rakkar i foelge mr. Anders Bronken aka the boss.
Her er sjefen, Anders, i full gang med dagens frukost. Corn flakes! I tillegg til innvendige saker har vi og ordna ugandiske simkort (kosta 7 kroner), syklar (kosta 500 for ein) og ei vifte. I gaar var vi paa besoek hjaa Katya, rektor paa skulen der vi etterkvart skal ta til aa gjere noko (ungane her har ferie til slutten av januar!). Der aat vi lunch, heime hjaa ein ekte ugandisk familie, altsaa. Ordentleg god mat, stelt til i eit eige kokhus, der dei fyra med kol. Dei hadde pynta og stelt, og vi fekk moete kona hans og 6 ungar, broer og svigerinner - alle under eitt tak.Dersom du naa har gidda og lest alt dette er eg imponert. Vi har det bra, alle saman! Ingen er blitt sjuke enda, maten er god, og alt staar bra til. Litt slitsomt med 30 grader ++ og intens sol heile dagen, men ein blir vel meir van med det etter kvart.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar