tirsdag 28. februar 2012

Løve!

Klar over at ein viss Sletta kom meg i forvegen altså, men...

mandag 27. februar 2012

There's a new mzungo in the house!

Tulla, det er to nye bleikfisar i huset! Torsdag 16. februar rusha vi til Kampala og etterkvart Entebbe for å hente Eirik og Christel. Kjærasten min og kjærasten til Anders. Det var stas! Kampala bau og på litt anna mat enn det vi får i Kasese, litt nye klede og elles ein visitt i slummen. Hard start for dei tilreisande, altså. Eirik viste bilder av vinteren på Lesja, noko som gjorde store auge på karane i slummen som hadde munnen full av "herbs". Narkotisk plante av eitt eller anna slag som dei tygg på. Hos Street Voice vart vi møtt med sang og musikk og smil, som alltid. I tillegg fekk vi feira Brenda litt, ho fyllte nemleg 20 år 14. februar. Gaver overrekt og Happy birthday for full hals!Elles har vi etter sterkt press frå amerikanske Cormac vore ute og farta på eiga hand. Eg, Eirik, Ingrid og Solveig sette oss håpefulle i ein såkalt matatu førre tysdag. Ein matatu er ein minibuss med mange og små seter, men antal seter er ikkje viktig i Uganda. Bilen er overlasta med folk, babyar, bananar, høner, ananas og det som er. Alt utan setebelte eller nakkepute sjølvsagt. I tillegg har dei gjerne ein del kanner og anna bagasje på taket og ein sykkel tjora fast i front. Og dei køyrer FORT. Men det gjekk overraskande bra, sett bort frå ei sjuk dame som spydde og hadde feber. Fleire av oss trudde ho døydde i løpet av den tre timer lange turen på matatuen, men ho var i live da mannen hennar bar ho ut.
Etter tre timar var vi i byen Mbarara og vart raskt headhunta av ein kar med solbriller. Han jobba for postbussen, og skaffa tilfeldige passasjerar, slik som oss. Postbussen er den sikraste kollektive måten å reise på i dette landet. Derfor heiv vi i oss indisk naan-brød og endte etterkvart på postbussen på veg til Kabale. Der vart vi plukka opp av ein tilfeldig taximann som tok oss til Rutinda, fastlandet ved Lake Bunyonyi. Heldigvis valde vi å bruke 20 000 ugx på motorbåttransport over til øya som var det store reisemålet. Alternativet var gratis kano, men det hadde nok teke meg iallfall tre timar, og eg hadde mest sannsynleg gått i land på feil øy, sidan det er 29 av dei der.
Nabooya

I denne domen sov eg og Eirik, ganske saa romantisk med utsikt over innsjoen og ein vanvittig stjernehimmel!

Vel framme på øya Itambira og Byoona Amagora, hotellet, fekk vi oss herleg mat og masse søvn. Tre avslappande dagar med eit yrande fugleliv og ymse turistar (LES: canadier på 44 år med gassproblemar i magen. Stakkars Ingrid og Solveig som delte sovesal med han). Ingrid og Solveig våga seg til og med til å bade i innsjøen, visstnok den einaste sikre badeplassen i Uganda, dvs utan parasittar og krokodiller. Dei vart til gjengjeld solbrente, og jamra over smerte både titt og ofte etter det.
Det var alt internettet i Uganda tillet i dag. I morgon reiser vi til Queen Elisabeth natinal park på safari. Det blir stas! Elles alt bra!

tirsdag 14. februar 2012

"Jeg hater Uganda!!"

Ok, så nå har vi vore utan straum i over 30 timar. Og det var ikkje noko unormalt med det i går, men da vi la oss i gårkveld, og det sakte men sikkert gjekk opp for oss at det faktisk var lys her og der i nabolaget – da begynte det å snurre i skallen. Det gjekk opp oss at vi ikkje har sett noko straumrekning etter vår ankomst i Kasese. Og så seier Solveig: “Hva med han mannen vi møtte i porten i dag tidlig da?” Ja, han hadde hjelm og arbeidsklede og ein blokk. Og han lurte på om det var nokon heime, og vi svarte ja. Men dei som var heime var jo dei i bakgarden, og la oss berre seie det slik: det er ikkje så mykje som sirkulerar i toppen på dei fleste der. Skjønnar ikkje engelsk heller. Berre svarar “yees!” til alt, for å vere sikker liksom. Vår mann Muhindo, aka vaktmeisteren, bur og der, men han er i den såkalte “villagen” for å passe på mor si på 45 eller 54, for ho er sjuk. Akk, dette landet. Som Anders ropte i går etter å ha kjøpt den andre pumpa som streika: “Jeg hater Uganda!!” Mannen i porten hadde altså teke straumen vår utan å vise oss noko rekning og utan å gje oss noko forvarsel. Dette ordnar seg nå, men spørsmålet er kor mange dagar dei brukar på å få straumen attende. Eg har foreslått at vi burde bestikke dei. Nokre fordelar av denne stygge korrupsjonen må ein vel kunne dra?

Av og til får du berre nok. Nok av straumbrot og brot på løfter og av å vente. Vente i to timar på mat, også får du ikkje det du bestilte. Av og til blir du lei av å forklare dei same tinga om att og om att og om att. Men det går over, omsider får dei Nutella på butikken – og ja, det ordnar seg som oftast.

I førre veke fekk vi sett i gang søppelpolitiet på skulen. Det funkar slik at to og to frå kvar klasse har ansvar for at det skal vere reint i skulegarden. Tilsaman er det altså 20 elevar som er politi på barneskulen, og 8 (eller 12?) på ungdomsskulen/videregåande. Dei minste fekk band til å ha på skrå over skuldra, i dei ugandiske fargane. Dei blir bore med stoltheit, for å seie det slik. Elles så har vi og fått på plass søppeldunkar i alle (!) klasserom! Det er det jammen dei færraste ugandiske skular som kan skilte med! Og apropos skilting, så har skulen fått nye skilt, under fellesnamnet Rwenzori Elverum Educational Centre.

Skuleelevar, søppelpoliti i midten.

Nytt skilt!

Elles prøvar vi å koble inn amerikanske Cormac i timeplanen på skulen. Han er her gjennom det amerikanske fredskorpset og jobbar på ein helseklinikk her i Kasese. I tillegg reiser han rundt på skular og lærer dei om HIV, AIDS, malaria, seksuell helse, graviditet, hygiene osv. Han let elevane stille spørsmål anonymt og legg elles opp til at dei skal lære mest mogleg. Vi håpar at skulen kan gjere rom for han i timeplanen, det trøngst jo så veldig!

Laurdag var mzungogjengen ute på livet, som vanleg i helgene. Det starta med indisk på Spring, heldt fram med øl og ugandisk gin på White House og endte med Zizzlers pub til klokka fire eller noko. Belgiske Pierre hadde si siste helg i Uganda, så det var litt avskjedsfest og litt berre fest. Artig var det iallfall, og ikkje minst: eg skada ikkje foten min! Eg er altså den einaste med uskada føter enn så lenge.

Klare for indisk mat og fest!

Torsdag reiser alle vi fire fastbuande i kåken + australske Angela + ein sjåfør til Kampala. Vi skal nemleg hente Eirik og Christel, kjærasten min og kjærasten til Anders. Det blir stas! Angela skal handle symaskiner i hovudstaden, og i tillegg må vi skaffe meir brød. På vegen ventar rykande ferske chapatis, nam nam! Det er eit mål å kunne lage ordentlege chapatis når eg kjem heim til Noreg. Miksar du denne herlege chapatien med ein spansk omelett, så få du Rolex! Det har etterkvart blitt standard lønsj, middag, kva som helst mat her. Nams!

I dag har amerikanske Jason bursdag, så da ventar bursdagsmiddag og nokre øl i kveld. Øl er generelt altfor billig og godt i dette landet. Betre enn norsk øl, kostar ca 7,50 på restaurant. Fare for ølmage altså!

Og til alle som har lurt på det med presidenten: ja, vi møtte han. Det var markering av at Uganda har hatt 31 years of struggle, så da besøkte Museveni byen. Der var det milevis med taler om kor fint og flott det er å ha han som president, dei takka Gud for at landet er fritt for korrupsjon og heile pakka. Vel, god underhaldning var det jo. Museveni sjølv har ei inntekt på ca 80 millionar norske kronar kvart år. Ein servitør tener 125-150 kroner i månaden. Ein godt betalt lærar tener mindre enn 500 norske i månaden. Berre nemner det. På presidentbesøket fekk vi verkeleg oppleva korleis dei ser på oss kvite, rike, overståande folk. Det fyrste som skjedde var at ein militærmann tok hand om syklane våre og la dei i ein stor militærlastebil. Dei var ikkje trygge blant dei andre ugandiske syklane, meinte han. Elles fekk vi sitte på vip-plassar, altså stolar. Lokalbefolkninga måtte sitte på graset. Vi gjekk og rett forbi køen til sikkerheitssjekken. Slik er det dessverre å vere kvit her. Dei trur vi eig ein bank kvar og behandlar oss som superkjendisar.

søndag 5. februar 2012

Den store søppeldagen og andre festlege lag!

Søndag=bloggdag! Fyrste veka på skulen er over. Det betyr at elevane og lærarane sakte men sikkert har kome rekande på fjøler og bodaer og det som er, heile veka. Fyrste skuledag etter ein av dei mange og lange feriane dei har her, er rimeleg relativ. Trass i dette var det eit bra antal skuleelevar som frivillig plukka søppel torsdag.

Torsdag var nemleg den store søppeldagen på Rwenzori Elverum Image Primary School! Vi prøver oss på ei såkalt søppelkampanje på skulen, noko så enkelt som å få dei til å kaste søppel i søppeldunkar i staden for på bakken. Skulen har invistert i heile tre (3) søppeldunkar, så dette burde jo ikkje vere eit problem. Men jo, i aller høgaste grad. Dei kan ikkje å kaste søppel her, dessverre. Dei påstår sjølve at det ikkje ligg i kulturen, men at det er særleg pent med alle plastikkposane som stikk opp av jorda overalt, det er ikkje eg einig i. Altså, søppeldagen ja. Elevane plukka søppel, skuleplassen vart rein og fin. Bra start, tenkte vi. Ein halvtime seinare: masse søppel på bakken igjen. Enda vi har forklart kvifor det er viktig å halde skulegarden fri for søppel minst 15 gongar.


Tre sjarmtroll av den yngre sorten!

Torsdag som kjem lanserar vi ei søppelpoliti-ordning på skulen. Det er lærarane sjølv som har kome med dei spesifikke ideane, etter at vi forklarte konseptet “ordensmann”. Det vil dessverre seie, det er dei mannlege lærarane som har bidrege, dei kvinnlege himlar med augene og fnisar bort alt vi seier. Og svarar absolutt ikkje på spørsmål frå oss. Dei er håplaust tafatte dessverre, men det er det vel mange grunnar til...

Andre ting som har skjedd: eg har fått sydd to skjørt og to vesker på bestilling. Det funkar slik at vi plukkar ut stoff på markedet sjølve, også går vi til herlege, australske Angela med det. Ho er 45 år og driv ein syskule her i Kasese. Ho lærer fire damer å sy klede, vesker, lommebøker og liknande. Ho er dessutan ei svært livleg dame som sjeldan seier nei til ein øl eller ti. Eller var det sterkare vare, tru? Ho har saman med veninna Shelly (og australsk) blitt ein del av vår vesle, faste omgangskrets her i Kasese.

Australske Angela

Norske og ugandiske jenter og syjenter. Med ganske forskjellige liv...

Angela + Shelly + tilfeldige svenskar + tilfeldige trønderar som bygger kraftverk og syklar birken var med på utagerande festlegheiter heilt ut til dei små morgontimar i dag tidleg. Heilt til Solveig tok limbo under eit sperreband i vegen, og endte med å tryne stygt i jernbaneskinnene som går tvers over vegen, og som vegarbeidarane har grove fram. Etter ein svipptur på motorsykkel til den såkalte “klinikken”, fekk vi i midlertid avdekt at det ikkje var noko brot. Heldigvis! Så nå er altså situasjonen den at 3/4 fastbuande i kåken har vore på klinikken og teke røntgen av ca same del på kroppen; ankelen, rista osv. Folket har med sin logiske tankegang uttala at eg er nestemann ut til å ta røntgen, sidan eg er den einaste att. Men eg har ingen planar om at dette ynskjet skal gå i oppfyllelse, altså.

I morgon er det meininga at vi skal møte ugandas president, Museveni. Merkeleg nok! På mamma sin bursdag, hurra! :)