tirsdag 13. mars 2012

Fem bilde - heilt på tampen

For ei stund attende var eg, Eirik, Solveig og Ingrid på safari i Queen Elisabeth National Park. Vi hadde ein skrullete sjåfør som køyrte utanfor lovleg område for at vi skulle få sjå løvene, også tok han seg til gjengjeld betalt for det. Vel, det var verdt det! Vi såg ekstremt mange dyr, mange fleir enn dei eg har putta her. I tillegg budde vi på billig hostell med milliardar av insekt, og brukte dagen på luksushotellet ved sidan av. Basseng, solsenger, herleg mat, fantastisk burger, og ei mugna sjokoladekake - vel, det var prikken over ien.


Litt seinare følgte eg han her til flyplassen, og sa eg elskar deg.

I førre veke møtte eg mange slike søte krabatar på Red Chili, eit backpackerhostell i Kampala. Det var jo festleg!

I løpet av desse dagane reiste eg, Ingrid og Solveig til Jinja, ca to timar i ein skral matatu frå Kampala. Der gjorde vi dette, og det var dødsartig! Litt synd med ho livredde, gamle nederlandske dama som absolutt skulle vere med i vår båt, men.

Dette er aller siste kveld i Uganda. Det er ein merkeleg og trist tanke. Men så ventar den idylliske øya Lamu, Kenya i morgon. Satsar på at det blir ei bra avslutning. Noreg: vi snakkast snart!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar