mandag 2. januar 2012

Vel framme i Uganda - på hotell!

Etter 3 flyturar, den eine lengre enn den andre, var vi endeleg framme på flyplassen i Entebbe. Der vart vi møtt av blide karar, Anders, Øyvind (fastbuande i Uganda) og ein sjåfør. Sjåføren ville allereie da at eg skulle bli att i Uganda, hos han. Eg lo og forklarte han at kjærasten min er heime i Noreg, noko han slo seg tilfreds med. Så bar det i veg til Central Inn, eit hotell i Entebbe, 6 mil frå hovudstaden Kampala. Anders og Geir (lærar) hadde funne ut at vi skulle ta fyrste natta på hotell, slik at vi kunne sove ut etter reisa og vere litt turistar. Derfor har vi bada i Lake Victoria og drukke øl i varmen. Har òg ete ein mager kylling og pomfrit, snakka om smørkrisa i Noreg og Museveni, presidenten i landet som har hatt makta sidan 1986. Dessutan har vi studert Freia-fuglen; den som er på alle mjølkesjokoladeplater, den finst nemleg i levande live på stranda; dog mindre pen.

Foto: Solveig G. Svendsen


Alle tre jentene er trøtte etter ein ekstremt lang, det skal bli godt å legge seg på ordentleg. Ute er det kolsvart, sjølv om lokal tid berre er 19.54. I morgon ventar ein ny dag med reising. Da set vi snuten mot Kasese, plassen vi skal bu i 11 veker. Det blir spennande!

6 kommentarer:

  1. flinke bloggern, heheh!! Håpe du har det superfint, skal hilse fra alle i Molde!!

    SvarSlett
  2. Heia Anna, nå har vi alle 4 som er att på Lesja, lese bloggen din - så bra at reisa gjekk fint! Vi følgjer med, og ønskjer deg lykke til vidare på ferda. Glad i deg!

    SvarSlett
  3. Hei Anna!
    Så moro å høyre frå deg på denne måten! Vi er glade for at reisa går fint og at du/de har det fint. Dette blir nok spennande veker! Vi fylgjer spent med vidare. Glad i deg vi og!!
    Mari og Harald

    SvarSlett
  4. Hei Anna,
    Så artig at du har laga blogg, da kan vi fylgje med kva du og reisefylgje ditt opplever på turen.
    Lykke til vidare! Eg tenkjer på deg.

    SvarSlett
  5. Artig, artig! Fortsatt god reise! :-D

    SvarSlett
  6. Hei igjen! Vi har orka å lese heile bloggen. Artig å fylgje med! Alt vel her. Nydeleg vinter! I kveld skal vi feire Hans 18 år.
    Mari

    SvarSlett