fredag 20. januar 2012

Møt dama på hjørnet!

I dag skal de få møte dama på hjørnet, eller "lady of the corner" som vi seier til ugandarane. Dama på hjørnet driv ein liten butikk, og tek inn akkurat så mykje varer ho har råd til frå ein dag til den andre. Ho sel brus, vatn, øl, dopapir, sigarettar og litt grønnsaker. Også litt andre greier som seigt popcorn og kjeks i svært begrensa utval. Ho er nesten naboen vår, så vi kjøper det vi treng der - så langt det let seg gjere.

Dette er altså dama. I butikken. Ho er alltid blid når vi kjem, vi nordmenn handlar jo drikkevarer og dasspapir for harde livet - noko anna enn ugandarane som ikkje handlar rare greiene om gongen. Har dei råd til to tomatar, så kjøper dei det. Har dei råd til eit halvt kilo sukker, ja så kjøper dei det. Brus og øl er ikkje kvardagskost for folk flest, og dopapir? Vel, eg trur dessverre det er dei færraste av dei som bruker mykje av det.

Dama bur saman med sonen Andrew og mannen, som eg aldri har veksla eit ord med, men eg trur han er mann og barnefar. Det burde jo vere logisk. Vi har snakka om at ho burde få eit bilde av oss til å ha på veggen, slik at ho for alltid kan hugse muzungusane som var med på å finansiere det framtidige supermarkedet hennar. For vi reknar nemleg med at det kan vere resultatet dersom vi kjem att om fem-ti år. Kanskje ho til og med har bæreposar da? Det har ho ikkje nå, men Anders kjøpte eit plastikknett til ho i julegave. Det låner ho ut til oss når vi kjem og fyller opp disken med vassflesker, tomatar og dassrullar.

Dette er berre eitt av uendeleg mange eksempel på slike butikkar. Dei er overalt, til og med der du minst ventar det. Alle sel dei same tinga, nokon med litt større utval enn andre. Ikkje forstår eg korleis dei klarar seg på den inntekta der, men så har dei heller ikkje dei heilt store utgiftene på lønn, arbeidsgivaravgift og feriepengar. Eg trur ikkje det eksisterar her.

Her bur naboane våre, litt kontrast til slik vi bur. Vi passerar dei på sykkel, bakpå motorsyklar eller til fots fleire gongar om dagen. Det bur ei dame her som ser ut som ho er steingamal, pluss ein haug med andre folk. Ungar, vaksne og dyr.

For dei som har etterlyst bilde av meg: africantime.blogg.no - det er Solveig sin blogg.


1 kommentar:

  1. Hei Anna! E må innrømme at e vart litt travel da e kom åt Oslo att, og glømte litt at du har blogg! Men nå ha e kosa me å lest alle innleggan dine, du skriv veldig fint, og e æ missunle! :) E må si e sitt å humre litt, for veldig my tå dæ du skriv kjenne e me att i frå India, e trur u-land æ u-land! Særle det der med at døm ikkje skjønna kordan oss kan leva slikk oss gjør, og de småbutikkan va det og my tå i India, e likte døm veldig godt!
    Kos det videre, og e ska kose me mæ å lessa meir ettekvart som du skriv! :) Glad ti de!

    SvarSlett